Søke etter slekt og bruk av slektsforskningsprogramet Legacy

Mandag 2. desember kl 18:30 Gullbring Kulturhus, Kåvån

Dette er tredje møte i ein serie om slektsgransking som er eit samarbeid mellom Midt-Telemark bibliotek, Bø museum og Seniornett i Midt-Telemark.
Nå tek vi for oss programmet Legacy som er eit av programma som finst for å sette saman slekta di, sette inn opplysningar om kvar enkelt person, legge inn bilde av enkeltpersonar, familiar og brudepar. Og ikkje minst sette inn noter om kvar ein har henta opplysningane.

Legacy 10 er gratis og inneholder det som en betalte for tidligere i Deluxe utgaven.
Legacy er lett å laste ned og ta i bruk.

Denne kvelden vil vi jobbe med nokre av moglegheitene Legacy har, både med kva ein bør leggje inn og ulike måtar ein kan få oversikt over slekta på gjennom programmet.
Det blir og tips om korleis ein søkjer i opplysningane ein sjølv har lagt inn.
Det er ein fordel om alle har lasta med Legacy på førehand, elles tek vi det den kvelden.
Og om ein ikkje har jobba før, ha nokre namn, datoar og fødselsår du kan leggje inn. Start med deg sjølv, søsken, ektefeller, barn, foreldre, besteforeldre osv. og dei aller næraste slektningane forøvrig. Det er fint om du har med bildefiler av nokre av desse personane og.
Tom Arnesen, som på sist møte gjekk gjennom søkemuligheter på nett er med og Olav Finstad går gjennom Legacy.
Les om slektsgransking https://bomuseum.no/slektsgransking/